26.05.12

Søkeord X

Sjølv om det er sensasjonelt få som les denne bloggen, er det tilsynelatande nokon som ved ei feiltaking (mistenker eg) ramlar innom likevel. Sidan de likevel ramlar innom, tenkte eg å skrive litt om det som de (tydelegvis) er interesserte i å lese om.


La meg ta dei mest interessante søkeorda føre meg i kronologisk rekkefølgje.

 Skybert. Eg mistenker det er slike som bevisst oppsøker drama, og som i tillegg ser på Paradise Hotel og Hotel Cæsar, som søker på Skybert. Eg og Skybert er nemleg tidvis svært usamde, særleg når det gjeld kven som skal få lese i pensumbøkene. No har eg mange artiklar som pensum, så for tida er forholdet mellom meg og Skybert svært godt. Eg må berre beklage, drama queens.

 Hæ?! Kva?! Fortell meg meir om dette spelet! Det høyres svært interessant ut. Ennå meir interessant at de har havna her ved å søke på det.


 Eg har vore på Løvstakken, men det får då vere grenser ...

Hei! Skal me på sommartur saman? Eg har dessverre ikkje fått laga nokon invitasjon ennå, men eg er lett med om du inviterer meg!

20.05.12

Regnbyen og solbyen

"Blogg då," sa June.
"Eg har ingenting å blogge om," sa eg.

Så fekk eg plutseleg noko å blogge om.

Eg var lei av sol og sørlandsidyll, så eg bestemte meg for å søke lykka i regnbyen. Eg kledde meg godtruande etter vêret, men då eg kom til regnbyen, hadde byen endra namn til solbyen:






Så eg sat der med skjegget i regnjakka


og gummistøvlane på:

Ja, eg har teke bilde på do! Doen på flyet var nemleg i ustand - heilt sant - så då eg kom til regnsolbyen, så måtte eg, ja, de skjønnar sjølve ...
Okei. Eg hadde faktisk rekna med at andre reisande òg hadde kledd seg etter vêret, men det hadde dei fasktisk ikkje!


Eller, jo, sjå her!


Ho var dagens helt. Viss nokon kjenner jenta i gule støvlar, så vil eg gjerne ha kontakt med ho. På førehand takk!

Heldigvis regna det både 16. og 17. mai, så då kom støvlane, regnjakken og paraplyen godt med.

Eg vil ikkje snakke om det!
Me kan godt snakke om det!


Nå hugsar eg ikkje kva meir som skjedde.

Eller jo forresten!

Eg sov på hotell heilt åleine. Det var kult:


Nå trur eg ikkje eg har noko meir å blottlegge på nettet for denne gong. Hej, hej!

14.04.12

Sånn går nå dagane

 PS1: Trykk på bildene for å sjå dei større.

Etter at eg kom tilbake frå påskeferie, har Skybert teke eksamensoppgåva mi som gissel. Han slepp ikkje eksamensoppgåva fri før eg spelar eit spel som han insisterer på at eg skal spele, midt på natta.

Skybert: Du skal spele dette spelet.
Eg: Nei.
Skybert: Jo.
Eg: Ok.





Eg har usannsynleg lyst til å skrive på eksamensoppgåva mi, så eg gjer naturlegvis som Skybert seier, slik at oppgåva skal bli frisatt. Dessverre garanterer spelet at det er "avhengighetsdannende", så nå greier eg ikkje å slutte å spele ... Skybert er slu altså!

Bortsett frå å kjempe med nebb og klør for å få tilbake eksamensoppgåva mi, har eg bestemt meg for å slanke meg. Eg fann derfor den mest truverdige slankereklamen som internet hadde å tilby.



Teikninga lovar i tillegg til flat mage, slankare lår, leggar og ein tynn venstrearm, så denne nettsida måtte eg sjølvsagt besøke. Det faktum at nettsida viste seg å ha utelukkande positive kommentarar frå særs nøgde brukarar, tok eg berre som eit ekstra truverdig og overbevisande teikn. At nokre av brukarane til og med hadde kommentert lenger fram i tid, var jo berre ... Ja ... Det er så overbevisande. Berre sjå sjølv:


På lik linje med at eg syns dette er svært overbevisande, syns eg òg det er svært overbevisande at Savemoretilsette framleis driv og kommenterer på bloggen min. Eg meiner, når dei engasjerer seg så sterkt, så må ein jo berre bli overbevist!


Hei, hei, Iselin frå Savemore!

(Dersom det er fleire Savemoretilsette som ønskjer å bli personleg helsa til på bloggen, kan eg godt starte med ei helsing i kvart innlegg.)



*



PS2: Eg skal sjølvsagt ikkje slanke meg.

11.04.12

Påsken 2012: Sogndal


















30.03.12

Skybert 1

Eg har merka meg at bloggarar skriv om og legg ut bilder av det blogglesarar vil lese og sjå. For eksempel fjorten bilder av kva ein har på seg kvar dag, middagstips som gjer ein slank, treningstips med tilhøyrande bilder av ein sjølv i treningstights, videosvar på spørsmål om korleis mascara ein bruker, og andre ting som er svært interessante og ikkje minst viktige. Eg meiner, barn svelt i Afrika, men ifølge topplisa på blogg.no er det ikkje det folk vil lese om. Det er heller ikkje det folk vil lese om på min blogg.


De er tydelegvis veldig interesserte i min gode kjenning Skybert. For dei som ikkje veit det, ser han slik ut:


Han er usynleg, ja.

Skybert har ein tendens til å lese i skulebøkene mine akkurat når eg har tenkt å gjere det. Det fører til at eg må gjere andre ting, medan eg ventar på at Skybert skal bli ferdig å lese.



Dei gongene eg får lyst til å trene, stikk Skybert av med joggeskoa mine og alle dei andre tinga eg er avhengig av for å trene. Då må eg gjere andre ting, medan eg ventar på at Skybert skal komme tilbake med joggeskoa mine.



Så sånn går nå dagane med Skybert. Dersom det er ønskjeleg at Skybert skal ha spørsmålsrunde eller legge ut fjorten bilder av kva han har på seg kvar dag, kan han sjølvsagt gjere det. Viss han gidd.

27.03.12

Vaorstemning dao diu





13.03.12

Vårtur




02.03.12

Du veit...

...det er vår når bygningsarbeidarane kastar frisbee i t-skjorte på plenen til UiA.

...det kjem til å bli ein bra dag når du startar dagen med å snakke med ei oppmuntrande 86 år gammal dame på treningssenteret.

...det er på tide å ta vinterferie når læraren nektar å svare på fagleg relaterte spørsmål på mail, og i staden seier at de nå skal nyte ei fin helg, og så ser de på faget neste veke.

♥

28.02.12

I helga har eg...

...besøkt verdas beste Elias.


...blitt stor fan av Timmy-tid, og ikkje minst fått introsongen på hjernen.


...ledd av (eventuelt med) Sauen Shaun.


...mimra. Noddy! ♥

...blitt lei av at de googlar "stygge smil" og kjem til bloggen min, og håpar derfor at dette innlegget kan hjelpe dykk til å komme på betre søkeord.


22.02.12

Jack Mannequin - Swim


You gotta swim
Swim for your life
Swim for the music that saves you
When you're not so sure you'll survive

You gotta swim
And swim when it hurts
The whole world is watching
You haven't come this far
To fall off the Earth

The currents will pull you
Away from your love
Just keep your head above

I found a tidal wave
Begging to tear down the dawn
Memories like bullets
They fired at me from a gun
Cracking the armour, yeah

I swim for brighter days
Despite the absense of sun
Choking on salt water
I'm not giving in
I swim

You gotta swim
Through nights that won't end
Swim for your family, your lovers
Your sisters and brothers and friends

Yeah you gotta swim
For wars without cause
Swim for these lost politicians
Who don't see their greed is a flaw

The currents will pull us
Away from our love
Just keep your head above

I found a tidal wave
Begging to tear down the dawn
Memories like bullets
They fired at me from a gun
Cracking the armour, yeah

I swim for brighter days
Despite the absense of sun
Choking on salt water
I'm not giving in
I'm not giving in
I swim

You gotta swim
Swim in the dark
There's no shame in driftin'
Feel the tide shifting
And wait for the spark

Yeah you gotta swim
Don't let yourself sink
Just find the horizon
I promise you it's not as far as you think

The currents will drag us away from our love
Just keep your head above

Just keep your head above
Swim

Just keep your head above
Swim

Just keep your head above
Swim